Til lukke med ny Leaf, du kan sjå fram te ei heilt ny og gøyal verd som elbil eigar.
Sjølv har eg nettopp kjøpt ny 2015 tekna, og er storveis nøgd.
Mykje å setja seg inn i, og fylgande er dei erfaringane eg har gjort meg etter 200 mil på 4 veker.
I hovudsak dagpendling på 7-8 mil og litt småkjøring i lokalområdet.
Den største utfordringa å gå frå fossil te el, er bruken av høgrefoten

Frå å ha blytung gassfot, må ein no nytta Harelabb ! ver varsam med "gasspådrag", gje sakte og gradvis trøkk, og slepp opp tidlegare enn på fossilet.
Tenk energiøkonomisering, eg ligg ofte over fartsgrensa i nedover bakker, for å nytta dette oppover og slepper gradvis opp på kraftpådraget ved bakketopp.
Bruk varmeapperat med nøysemdt, har sjelden den over hastighet 2, veksler mellom resirkulasjon og direkte.
Kjører eco, og frirulling, men er usikker på om dette egentlig gjev noko gevinst.
Brukar setevarme og rattvarme for å holde ok temperatur. på ein tur på 40 min/ 35 km, er den på fyrste 10 min, av 10 min på 10 min og av resten...
Idag med 4 grader utetemperatur og 160 km på rekkevidde, stod det att 120 km ved ankomst.
Har freista ulike alternativ i pendlinga, men kjem sjeldan under 16.2 kw per 100 i snitt.